Biografi

Hei, alle saman! Mitt namn er Asle Kaldestad, og eg er komponist, gitarist og altmoglegperson. Musikken min kan både høyrast og kjøpast her på nettsidene.

Eg har delt inn musikken min i 2 ulike kategoriar: Musikk for kommersiell bruk og Musikk for privat bruk. Musikk for kommersiell bruk er musikk som du kan kjøpe og bruke i ulike prosjekt, til dømes om du skal lage ein video, og du treng musikk som fritt kan spelast offentleg, utan å måtte betale for vidare bruk av den. Musikk for privat bruk er derimot berekna til vanleg lytting privat.

Musikk for kommersiell bruk: Avgiftsfri multimedie- og produksjonsmusikk
Musikk for kommersiell bruk, som eg sel på Musikksakk.no/Music, og der finn du heile porteføljen min, som fortløpande får ny og meir musikk.

I tillegg tek eg på meg spesifikke komponeringsoppdrag, dersom du for eksempel treng musikk tilpassa eit heilt eige prosjekt. I så fall er det berre å ta kontakt for nærare avtale.

Sjå meir om Musikk for kommersiell bruk her:
Ferdigkomponert musikk Versus Spesialkomponert musikk?

Musikk for privat bruk: Vanleg lyttemusikk
Utanom Musikk for kommersiell bruk, så gir eg òg ut Musikk for privat bruk, som er musikk som er berekna til vanleg lytting privat. Den kan foreløpig berre kjøpast via nettsidene mine her, i form av MP3-nedlastingar. Men etterkvart så vil eg òg prøve å få den ut i kjende butikkar, både som nedlastingar og strømming, og kanskje i tillegg som fysiske CD-plater.

Ein liten minibiografi
Eg har alltid vore interessert i å skape ting. Det byrja då eg var liten, og hadde ei stor trong til å byggje alt mogleg. Faktisk var det slik at eg heller ville lage tinga mine sjølv enn å kjøpe dei, då eg var meir interessert i den kreative prosessen, enn berre å bruke produkta. Dette er ein eigenskap eg generelt har fått mykje bruk for gjennom livet, sjølv om det enkelte gongar kanskje hadde vore meir fornuftig å kjøpe eit ferdig produkt, som til dømes då eg visstnok bygde min eigen ransel i LEGO!

Etterkvart blei teikning mi aller største interesse, og gjennom mange år av barndomen var det ved hjelp av blyant og papir eg skapte det meste av mine kreative ting, som har gitt utslag i uante mengder teikningar, måleri og faktisk litt teikneseriar òg.

I ungdomstida byrja interessa for å lære meg å spele eit instrument, og sidan eg syns at både gitar og trommer var tøft, så blei det litt av begge delar. Gradvis blei gitaren hovudinstrumentet mitt, men trommer er og blir mitt biinstrument den dag i dag.

Neste steg var då eg byrja å skrive musikk òg. Eg skjønte då at komponering var ein svært fin og spennande måte å få uttrykk for kreativiteten på for meg.

Det gjekk ikkje lang tid før eg og nokre vener laga eit band, med det klingande namnet Fotnote. Vi sette opp både konsertar og kabaretar i heimkommunen vår Fusa, og det var gjevande å få all den heimelaga musikken vår ut til eit publikum. Ei flott tid!

I åra som følgde blei det stadig meir gitar og komponering. Etterkvart òg musikkutdanning i Oslo. Eg skjønte då at musikk, og det å arbeide med kreativitet, var den beste måten eg kunne bidra i verda på.

Sjå andre stader eg er å finne:
Musikksakk.no

PS. I skrivande stund held eg på å skrive ein betre tekst til akkurat denne sida, som forhåpentlegvis blir klar i løpet av dagen.

AsleKaldestad.no blir driven av Asle Kaldestad, med organisasjonsnummer: 989 404 326.